Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Veum

Ypparleg som treningsløype med breie, flotte spor. Ljoset er tent når det er trening/skileik, og blir automatisk slegne av kl. 22.00. Ein kan skru på ljoset sjølv - brytar på veggen på det raude uthuset, der løypa startar. Løypa blir nytta som treningsbase for skiskyttarlaget og har eigen skiskyttararena. 

Korleis kjem eg dit? 

Fylg riksveg 355 ca. 12 km. frå Fyresdal sentrum, retning nord. Tak av hovudvegen ved kyrkja og parker ved grendehuset, inga parkeringsavgift. 

Skildring 

Total lengde: 4 km. 

Løypa er køyrd med spormaskin med 4 alternative rundløyper. Stort sett lett løype med enkelte bratte parti og utforkøyringar. Fin å bruke som skitrening for små barn.

Her finn du løypekart

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk