Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Spelemidlar

Sist endret: 05.11.2015Kontaktavdeling: 

Kva kan det søkjast om spelemidlar til?

- Ordinære idrettsanlegg: Anlegg for organisert idrett som ein kan ha treningstid og arrangement.
- Nærmiljøanlegg: Anlegg eller område for eigenorganisert aktivitet gjerne knytt til skule, bu - eller opphaldsområde. Anlegget skal være opent for alle, det kan ikkje beleggast med treningstid. Kun utandørsanlegg.
- Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg.
- Anlegg for friluftsliv i fjellet (DNT). 

Kor mykje kan ein søkje om?

Ordinære anlegg (faste tidsfristar – politisk avgjersle): Idrett: 1/3 av godkjent kostnad inntil kr. 700 000,-. Tilskotsbeløpet må være større enn 75 000,-. For enkelte type anlegg er det fastsett særskilte maksimale tilskotsbeløp. (F.eks. kunstgrasbanar 2,5 mill. kr, fleirbrukshallar 7 mill. kr). Friluftsliv: 50% av godkjent kostnad inntil kr. 700 000,-.
- Nærmiljøanlegg (faste tidsfristar – politisk avgjersle): 50 % av godkjent kostnad, maksimalt tilskotsbeløp er kr. 200 000,-. Tilskotsbeløpet må være større enn kr. 40 000,-. Det kan søkes om spelemidlar i inntil tre omgangar (tre byggetrinn), maksimalt kr. 600 000,-.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk