Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Berrfjell

Berrfjell 1060 m.o.h. - Hauggrend, nord i Fyresdal

Tak av FV 355 på Veum, inn mot Fjellgardane. Etter 3-4 km, etter fyrste fartsdempar på Spockeli, tek ein opp til høgre. Køyr opp bakkane til Hærstad. Utsikten på toppen er enorm - Gaustatoppen i nordaust, Vehuskjeringi mot Vinje og Skorve/Lifjell i aust. Vegen er merka blå farge.

På vanleg sommarføre er det fint å gå på joggesko.

Flott skitur på vinteren, då kan ein renne heilt ned att.

- Lengde: 10 km 
- Stigning: 480 m
- Terreng: Lang, flott tur i lett terreng 
- Gangtid: 4-5 timar

Sjå side 6-7 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk