Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Napen

Napen 889 m.o.h. - Momarak/Nape, søraust i Fyresdal

Tak av FV 355 sør om Momrak og fylg skilting mot Fjone. Her er det bomkasse med betaling. Nytt skilt etter 5 km. Her må ein parkere. Gå eller sykle til garden Nape, om lag 3 km. Fylg vegen vidare forbi husa, om lag 500 m. Napen er eit utruleg flott fjell, som stikk fram i Napevatn. Vegen er merka med blå farge. Gå same veg ned att.

- Totallengde: 10 km 
- Stigning: 360 m 
- Terreng: Middels krevjande, halvlang tur 
- Gangtid: Frå Nape 2-3 timar

Sjå side 20-21 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk