Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Øynuten

Øynuten 522 m.o.h. - Kilegrend, sør i Fyresdal

Tak av FV 355 i Kilegrend, inn mot Øyne Camping. Rett etter tunnelen startar turvegen opp til venstre. Fylg traktorvegen til endes og deretter fylg blått merke vidare til toppen. Toppen er ved den høge masta. Nyt den flotte utsikten over Kilegrend. Ned att bør ein gå same vegen, då her er ein del bratte og farlege plassar (mot syd og aust). Finast å gå om sommaren. 

- Totallengde: 2 km 
- Stigning: 240 m 
- Terreng: Kort og bratt 
- Gangtid: 2 timar

Sjå side 32-33 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk