Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skoret - Høgenut

Skoret 550 m.o.h. og Høgenut 862 m.o.h. - sentrum i Fyresdal

Tak av FV 355 ved flyplassen mot Birtedalen. Tak til høgre etter brua. Fylg skilting og parker langs vegen. Tydeleg gamal og fin gangstig merka blått. Undervegs den bratte gangstigen finn vi eit stort biologisk mangfald og mektig utsyn over Fyresdal sentrum og nordre delen av Fyresvatn. På veg opp bør ein ta vegen om det gamle småbruket Skoret. Her var det fast busetjing fram til 1880-åra, men det er dokumentert som øydegard i år 1686. Her finn du ei open varmestove som kan nyttast til rast eller ly for uvær. Det gamle kulturlandskapet er rydda, og om sommaren går her dyr, m.a. Telemarkskyr, på beite. Dei som vil kan ta den merka ruta vidare til toppen av Høgenut. Fylg same veg ned att frå toppen. 

- Stigning til Høgenut: 570 m
- Terreng: Bratt stig, krevjande tur 
- Gangtid: 2-4 timar

Sjå side 16-17 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk