Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Søtdalsvarden

Søtdalsvarden 926 moh*

Frå sentrum køyrer ein opp Libakkane og tek til høgre før Lie og parkerer bilen ved skilt. Frå skiltet ved Kjeldemyra fylgjer ein bilvegen 550 m og tek fyrste veg til venstre.

Fylgjer stigen opp til Litjønn og går langs denne. Etter om lag 2,7 km med jamn stigning kjem vi til eit skilt som peikar mot ein flott utsiktsplass der det er fint å kvile. Fylg stigen 300 m lenger fram og tak til venstre ved skilt. Her går ein opp myrdraget og på fjell mot siste del til toppen, med ein flott varde og bok til å skrive i.

Total lengde: 9 km.
Terreng: Middels.
Stigning: 340 m.
Gangtid: 3-4 timar.

For kart over turen og området, sjå ut.no.

Denne turen er ganske ny og difor foreløpig ikkje nemnd i Vandreruter i Fyresdal.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk