Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Generell informasjon

Fyresdal ungdomsklubb skal vere ein attraktiv og uformell møteplass for barn og unge frå 5. klasse.

Hovudmål for kulturadministrasjonen

- Skule og kultur skal spele ei nykkelrolle i utviklinga i kommunen.
- Barn og unge får rettleiing og gode kvalitetssikra tilbod i tråd med eiga utvikling.
- Klubben skal vere ein god møteplass. Han skal utvikle aktivitetar som er inkluderande og førebyggjer rus og kriminalitet blant unge.

På ungdomsklubben trengs det ikkje nødvendigvis å skje så mykje, det viktigaste er å ha ein arena der ungdom kan samlast på sine eigne premissar. Noko av det viktigaste med klubben er at det er vaksne til stades for og med ungdomen.

Lokale

Ungdomsklubben held til i Fyresdal samfunnshus.

Opningstider

Onsdagsklubben er open frå kl. 14.00 til kl. 20.30 (brukarar frå 5. klasse og oppover). 
Fredagsklubben er open frå kl. 17.00 til kl. 22.00 (brukarar frå 8. klasse og oppover). Når kino, open frå kl. 15.00. 
Når det gjelder laurdagsklubbar, datavaker, turar osv., fylg med i kommuneinformasjonen eller eige oppslag.

Transport

Det kostar kr. 10,- å sitte på med bussen heim etter klubb. Bussen køyrer fylkesveg 355 og 401.

Personalet

Klubbleiar Svein O. Slyngstad, tlf. 992 25 709, e-post svein.slyngstad@fyresdal.kommune.no.

Klubbstyre

Nytt klubbstyre kvar haust.

Generelle regler

Klubben skal vere ein trygg arena for barn og ungdom. Derfor har vi nokre generelle reglar som barn og ungdom må halde seg til. 

Klubben skal vere:

- Rusfri. 
- Fri for mobbing / trakassering / religion. 
- Open for alle.

Generell informasjon til føresette

Vi som jobbar på klubben har ansvar for det som skjer på klubbens område. Klubbens område er samfunnshuset og området rundt huset. Vi har ikkje ansvar for å halde dykkar barn på området. På grunn av dette er det viktig at de fylgjer med på kva barna / ungdommen driv med.

Når det gjeld barn under 5. klasse har dei ikkje høve til å vere på klubben. Dei får lov å komme inn i kiosken for å handle når det er kino eller onsdagsklubb. Alle andre aktivitetar er berre for unge frå og med 5. klasse.

Verken klubben eller biblioteket er ei frisone der ein kan sleppe ungane lause utan tilsyn (gjeld dei under 5. klasse). Håper at alle føresette har forståing for dette sidan vi har mange barn / ungdom å ta omsyn til.

Dersom det noko de lurar på, ynskjer å informere om eller gje ris eller ros, er det berre å ta kontakt.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk