Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Klubbreglar

Klubben er rusfri

Det er forbode å vere rusa, take med seg, eller nyte rusmiddel på klubbens område, eller på turar arrangert av klubben.

Ta ansvar

Alle skal ta vare på klubbens/andre sine eigendelar. Om ein øydelegg noko må ein erstatte dette. Det er ikkje lov å sitte på borda eller ha fottøy på bord eller stolar.

Rydd rundt deg

Alle skal halde orden rundt seg.

Kjøkken

Bare dei som er sett opp på kioskvakt skal opphalde seg på kjøkkenet.

Mobbing

Fyresdal Ungdomsklubb tillet ingen form for mobbing.

Stele

Det er ikkje lov å stele frå klubben aller andre. Tjuveri kan bli meldt til politiet.

Brot på reglar fører til at ein vert utvist i opp til to klubbmånadar. To utvisingar i løpet av seks månadar kan føre til maks fire månadars utvising.

Klubbleiar/medarbeidar kan gje påbod utanom reglane i dei tilfelle ein finn det naudsynt.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk