Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Heim til Fyresdal

Sist endret: 03.02.2017Kontaktavdeling: Næring og reiseliv

Heim til Fyresdal

Kommunestyret vedtok våren 2012 å satse på eit tilflyttarprosjekt som tar utgangspunkt i å undersøke om det fins utflytta fyresdølar som kunne tenke seg å flytte heim. Resultatet blei å satse på utflytta fyresdølar eller andre med familiær eller eigedomsmessig tilknyting til kommunen, samt pendlarar.

Faun Naturforvaltning fekk tildela prosjektleiarjobben, i samarbeid med tidlegare Avdeling for Bygdeutvikling.

I desse dagar er vi i gang med å kontakte utflytta personar i alderen 19-39 år. Vi ynskjer å ta personleg kontakt med kvar enkelt, via telefon. Vi brukar ikkje spørjeskjema, men prøvar å finne ut den enkeltes ynskjer i forhold til heimflytting. Vi kartlegg og grunnar til at dei ikkje vil flytte heim.

Så langt har vi fått fleire ulike tilbakemeldingar. Alle har vore utelukkande positive til å bli kontakta av Fyresdal kommune, og dei synast at prosjektet er ein spanande måte å jobbe på. Fleire av dei kontakta svarar at dei vil flytte heim, enten så fort tilhøva ligg til rette, eller i løpet av nokon år. Dei har ulike ynskjer som omfattar blant anna attraktive hustomter, gjerne på bestemte stader i kommunen. Andre ynskjer å kome heim dersom det kjem gardsbruk på sal. Nokre få ser seg om etter arbeid, men mange har flyttbart arbeid eller reknar med at det vil ordne seg. Andre ynskjer ikkje å flytte heim i det heile, og dette er særleg grunna utdanning og type jobb dei har.

For å kunne møte alle ynskjer treng vi god oversikt over arbeidsplassar, ledige hus til sal og leige, samt informasjon om moglege bustadtomter. Bygdefolk er flinke til å sei i frå om hus og tomter, og det er veldig flott! Vi har fått ganske god oversikt over denne marknaden.

Når det gjeld arbeidsplassar har vi hatt eit godt møte med dei fleste avdelingar innan offentleg sektor, og vi har og snakka med ein del av dei private. Etter kvart vil vi og innhente informasjon om arbeidsmarknaden utanfor kommunen.

Dersom du har informasjon du trur kan vere av interesse for ”tilbakeflyttarar”, ta gjerne kontakt!

Prosjektet skal og handle om bulyst og blilyst for oss som bur her. Fram til mars skal vi arbeide fram tiltak vi meiner kan auke trivselen i bygda. Her treng vi hjelp frå deg! Kva meiner du kommunen bør satse på som kan auke trivselsfaktoren? Det kan vere arrangement, fysiske tiltak, vertskapsrolle, møteplassar eller andre ting. Du kan ringe, sende sms, sende e-post eller sende brev. Alle forslag er velkomne. Vi kan ikkje love å fylgje opp alle, men vi lovar å vurdere alle.

For å halde oppe tilbod og tenester er det viktig å få auke i folketalet. Vi håpar difor at vi som bur her kan jobbe saman for å marknadsføre alle dei positive sidene som gjer at vi trivst i Fyresdal.

Helsing Monica Sølyst
Prosjektleiar, Heim til Fyresdal
E-post ms@fnat.no
Tlf. 992 40 253
Faun Naturforvaltning As

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk