Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jordbruk

Gjennom nytenking og handlekraft skal Fyresdal utvikle eit robust og variert landbruk basert på naturgjevne ressursar.

Kommunen sine hovudmål for næringsarbeid

- Auke folketalet for å trygge offentlege og private tilbod.
- Handlekraft og kreativitet skal prege næringsarbeidet i Fyresdal slik at nåverande og nye bedrifter får lyst og mot til å satse.
- Arealforvaltninga skal ta omsyn til busetjing, næringsliv og naturkvalitetar.
- Arbeide for å sikre gode kommunikasjons- og samferdselsårer i Vest-Telemark

For landbruk har vi fylgjande strategiar for å nå måla

- Oppretthalde produksjon og verdiskaping i landbruksnæringa.
- Ta vare på kvalitetane i kulturlandskap, natur og grender.
- Utvikle nye og alternative næringar.
- Utvikle utmarksressursane gjennom berekraftig vilt- og fiskeforvaltning.

Kommunen har eit jordbruksareal på om lag 6 700 da. Dette disponerast av 40 brukarar. Areala er fordela på om lag 290 gardsbruk. Den viktigaste driftsforma i landbruket er sauehald, og i kommunen er det om lag 1 350 vinterfora sau fordelt på 23 buskapar. 3 mjølkeprodusentar har ei samla mjølkekvote på om lag 570 000 liter mjølk.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk