Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunale tilskot

Nye reglar vart vedteke 06.04.2016 - gjeldande frå 1. januar 2016.

Felles for alle tilskota:

- Satsane gjeld ut frå det som til ei kvar tid er godkjent av kommunestyret.
- Det skal aktivt informerast om reglane for tilskot frå Fyresdal kommune.
- Eigaren/søkjaren må vere fast busett i Fyresdal kommune før tilskotet blir utbetala. For tiltak som krev løyve etter Plan- og bygningslova, eller anna lovverk, skal slikt løyve som hovudregel vere gjeven før arbeidet/tiltaket blir starta.
- Søknad om tilskot må vere sendt/levert til Fyresdal kommune før tiltaket blir iverksett. Tilskot blir utbetalt mot dokumentasjon etter at tiltaket er gjennomført.
- Tvilstilfelle avgjerast av formannskapet.
- Reglane for tilskota skal rullerast seinast innan utgangen av 2019.

I tillegg til tilskotsordningane du finn her, formidlar kommunen også tilskot til:

- Avløysing ved ferie/fritid
- Avløysing ved sjukdom
- Midlar frå Innovasjon Norge
- Friluftsmidlar i Arendalsvassdraget
- Produksjonstilskot
- Organisert beitebruk
- Økonomiske fagmidlar i landbruket

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk