Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lokal næringsutvikling

Sist endret: 03.02.2017Kontaktavdeling: Næring og reiseliv

Med eit areal på 1 277 km2 og meir enn 500 fine fiskevatn er Fyresdal kommune eit eldorado for alle som ynskjer flott natur, god plass og rike moglegheitar for rekreasjon. Men Fyresdal har òg eit rikt næringsliv, med godt etablerte verksemder i stor og liten skala.

Næringslivet i Fyresdal har hatt god gevinst av Fyresdal kommune sin utradisjonelle måte å vere og tenkje på!

Vi har eit godt næringsapparat i kommunen som femnar om jord-/skogbruk, miljø, reiseliv, bygdeutvikling, tilflytting, busetting og elles generelt næringsarbeid. Vi har gjennom regionalt samarbeid ytterlegare tilgang på kompetanse, og kan også yte hjelp utanfor eigne rekker om det er nødvendig.

Fyresdal kommune har eige næringsfond, som saman med andre økonomiske verkemedel, blir bruka til beste for bedrifter og etablerarar i kommunen. Vi nemner her Innovasjon Norge, der Fyresdal kommune høyrer inn under den beste ordninga for lån og tilskot med 30 %.

Kommunen har god plass på industriområde og legg forholda til rette for etablering i næringsbygg.

Ta kontakt - det kan løne seg!

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk