Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skogbruk

Fyresdal har eit totalareal på 1 277 000 daa, av dette er ca. 280 000 daa produktiv skog. Geologien i Fyresdal er prega av grunnfjell med sure bergartar som gneis og granitt. Moreneavsetningane som ligg i dalbotn og lisidene gjev gode vilkår for skogproduksjon. Desse naturgjevne føresetnadane gjer at mesteparten av skogen i Fyresdal veks på middels og låg bonitet. Skogen i Fyresdal har ei overvekt av furu, ca. 49 %, medan grån utgjer ca. 47 % og lauv ca. 4 %.

Det er ca. 290 eigedomar i Fyresdal med meir enn 25 daa skog, og dei aller fleste av desse er i privat eige. Gjennomsnittseigedomen i Fyresdal er på ca. 900 daa. Skogen produserer ca. 60 000 m3 tømmer årleg, medan det i snitt vert hogge mellom 35 000 og 40 000 m3 i året. I 2016 utgjer dette ein salsverdi på om lag 12 000 000,- kroner.

Det vert årleg utført avstandsregulering på om lag 3 000 daa og planta om lag 50 000 planter. Dette utgjer årlege investeringar på om lag 1,5 millioner kroner i stell av ungskogen. Eigarskap og drift av skog er underlagt ei rekke lovar og forskrifter, og kommunen ved skogbrukssjefen utgjer skogoppsynet i Fyresdal.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk