Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Utmark, jakt og fiske

Fiske

Med over 500 fiskevatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett.

For å gje nettopp deg den ultimate opplevinga har vi laga ein fiskeguide for kommunen. For å kunne drive ei aktiv fiskeforvaltning vert det selt fiskekort til inntekt til Fyresdal Fiskefond. Fyresdal er delt inn i 5 soner, der ein kan kaupe kort for kvar sone, eller for heile kommunen under eitt.

Jakt

Jakt har lange tradisjonar i Fyresdal, og hausten er for mange den verkelege "høgtida" i året.

All grunn i kommunen er i dag i privat eige, med andre ord har vi ikkje statsgrunn, allmenningar eller liknande eigedomsform i Fyresdal. Dette gjer at all forvaltning og jakt er grunneigarstyrt, og eventuell utleige av jakt blir gjort av grunneigar åleine.

I Fyresdal kan ein jakte på alle tradisjonelle viltartar som elg, rein, hjort, rådyr, hare, bever, skogsfugl og rype. Jakttidene for dei ulike artane finn du i informasjon om jakt og jakttider.


Spørsmål?

Har du spørsmål om til dømes jakt, jaktrett eller sal av jakt kan du kontakte Aslak Momrak-Haugan på telefon 35 06 71 19 / 950 81 325.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk