Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Motorferdsel

Utval for landbruk og teknikk fastsette i møte 02.02.2009 fylgjande praksis for handsaming av dispensasjonsaker:

Avstand frå næraste bilveg/parkeringsplass til hytta må vere minimum 2,5 kilometer. Løypa skal fylgje kortaste farbare trase, men her må naturleg nok vere framkomleg gjennom vinteren. Jamført lokal forskrift er det kun mogleg å velje ein trase til hytta, med unntak der istilhøve på regulerte vatn er usikre i delar av sesongen.

Løyve kan gis til eigar av hytta og eigars ektefelle/sambuar. I tillegg kan løyve gis til nær slekt av hytteeigar, nærare definert som eit ledd opp (foreldre), eit ledd ned (etterkomarar) og eit ledd til sida (sysken), likelydande for ektefelle/sambuar.

Ved søknad om løyve til annanmanns hytte, skal skriftleg leigeavtale vedleggast søknad. Ved leigetilhøve over fleire år (åremål), kan også eigar av hytta ha løyve for å drifte hytta, men øvrige familiemedlemer skal ved slik bortleige ikkje ha løyve til hytta. For korttidsleige (vinter-/påskeferie o.l.) skal det ikkje innvilgast eige løyve, men i staden synast til hytteeigars løyve, eller til ervervsløyver i området.

Ved søknad om handikapløyve må det synast til varig handikap, og kopi av legeerklæring vedleggast søknad. Jamført forskrifta skal handikappa gis rimeleg tilgang til heia, men køyring skal likevel fylgje trase innteikna på kart som vedlegg til søknad.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk