Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Renovasjon

Renovest IKS står for renovasjonsordninga i Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje. Innkrevjing av gebyr i samband med renovasjonsordninga i Fyresdal er det Fyresdal kommune som har ansvar for.

Om du treng ekstra matavfallsposar eller sekkar til plast kan du få dette gratis i sentralbordet på kommunehuset.

Skårmoen avfallsmottak

Skårmoen avfallsmottak ligg på veg inn mot Kleivgrend, ca. 8 km nord for sentrum.

Dei held ope måndagar kl. 14.00-19.00, i tillegg til laurdagsope siste laurdag i mai, juni, juli og august kl. 09.00-13.00. Telefonvakt 975 48 357.

Restavfall plastdunkar

I 2008 fekk alle hushaldningsabonnement - standard, mini, redusert, og heimekompostering, plastdunk i staden for sekk. Dunken er på 120 liter, grå, og er prega med "Restavfall" på lokket. Miniabonnement har i tilegg ein "M". Dunken skal plasserast ved køyreruta, også dei som har redusert abonnement. Avfallet kan leggast direkte i dunken, sekk trengs ikkje. 3 stykk eller fleire på same staden kan få samledunk til restavfallet. Dei som har utdelt dunk må bruke denne, svartsekkar som vert sett fram, vert ikkje henta.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk