Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Viltpåkøyrsle

Om uhellet er ute, og du har køyrd på eit dyr, er dette viktig:

• Set på naudblink, tak på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
• Skaff deg oversikt over eventuelle personskadar, og ring 113 om hjelp er naudsynt.
• Sjekk om dyret ligg i umiddelbar nærleik til skadestaden.
• Ring politiet på 02800 for å melde frå om hendinga. Politiet tek kontakt med jegerkorpset, som har kyndige folk for ettersøk og eventuell avliving.
• Marker skadestaden med ein plastpose el.l. slik at ettersøkspersonell kan finne staden dyret vart påkøyrd.

Merk at det er lovpålagt å melde frå om ei kvar påkøyrsle, og at alle viltpåkøyrsler skal meldast til politiet.

Er det andre meldingar eller spørsmål knytt til påkøyrd vilt, tak kontakt med administrativ leiar av jegerkorpset, Fyresdal kommune v/Aslak Momrak-Haugan på tlf. 950 81 325.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk