Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Om Fyresdal

Fyresdal er ein av dei vestlegaste kommunene i Telemark. Fyresdal grensar til kommunane Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark og til kommunane Åmli, Bygland og Valle i Aust-Agder fylke. Fyresdal (som inntil 1879 vart kalla Moland) vart etablera som ein kommune 1. januar 1838. 

Dei viktigaste næringsvegane er jordbruk, skogbruk, handel og turisme, samt kraftproduksjon. 

Fyresdal er kjend for sine mange funn frå vikingtida, mellom anna gravhaugar og restar etter slag. Nord for sentrum, i Hegglandsgrend, låg i tidleg kristen tid ei pilegrimskyrkje.

Landskapet i Fyresdal strekkjer seg frå omlag 275 moh. til 1294 moh. (Napuren). Her er eit varierande plante- og dyreliv, og mange små og store fiskevatn. 

Innbyggjarar per 01.10.2016: 1 318.

Areal: 1 280,6 km2.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk