Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nettverkskontaktar

Sist endret: 27.05.2016Kontaktavdeling: Pleie og omsorg

Kolsnettverk

Fyresdal kommune er med i eit interkommunalt nettverkssamarbeid i høve til KOLS. Sjukepleiar Ragnhild Bjorheim og sjukepleiar Cathrine Austjore er kolskontaktar.

Vi samhandlar for di helse for å gje rett behandling - på rett sted – til rett tid. 

Bare i Telemark vert det annteke at rundt 12-14000 personar har KOLS (Kronisk Obstruktiv Lunge Sykdom), halvparten av desse veit truleg ikkje at dei har det.

Har du KOLS og er dårlig i din pust, anbefalar vi at du kontaktar din fastlege for en hastetime.

Har du teke ekstra hurtigverkande inhalasjonar uten effekt og slit med å få puste - ring 113. 

Ved mistanke om KOLS/ASTMA kan fastlegen henvise deg til ein lungelege på sjukehuset. Vidare utredning kan du lese om her

Les meir om KOLS-pasienten her.

Kontaktsjukepleierane kan kontaktast via Pleie- og omsorgsenteret.

Demensnettverk

Fyresdal kommune er med i eit interkommunalt nettverkssamarbeid i høve til DEMENS. Sjukepleiar Gry Åmlid og sjukepleiar Gunn Marit Aslestad er demenskontaktar.

Palliasjonsnettverk

Telemark har eit nettverk av kontaktsjukepleierar på sjukehus, i heimsjukepleia og på sjukeheim som driftast av Palliativ enhet. Fyresdal kommune er med i dette interkommunale nettverkssamarbeidet i høve til kreft og palliasjon. Sjukepleiar Randi Lauvrak og sjukepleiar Margreet De Kruif er kreftkontaktar.

Kontaktsjukepleiar:

- Har kunnskap om kreft og lindrande behandling.
- Kartlegg behov og fylgjer opp symptomlindrande behandling.
- Tilbyr samtaler, råd og veiledning.
- Bidreg med tilrettelegging i heimen.
- Har oversikt over tilbod som kan være aktuelle for deg.
- Samarbeider med fastlege, sjukehus og Palliativ enhet.
- Samarbeider med kreftforeningen.

Her finn du nyttig informasjon:

Kreftkoordinator

Kontaktsjukepleierane kan kontaktast via Pleie- og omsorgsenteret.

Velferdsteknologinettverk

Fyresdal kommune er med i eit interkommunalt nettverkssamarbeid i høve til Velferdsteknologi. Sjukepleiar Gry Åmlid er nettverkskontakt.

Nettverk for utviklingshemma

Fyresdal kommune er med i eit interkommunalt nettverkssamarbeid i høve til personar med utviklingshemming. Sjukepleiar Ragnhild Bjorheim og vernepleiar Elise Lauvrak er kontaktpersonar.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk