Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Pleie- og omsorgstenesta i Fyresdal

Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS) ligg 200 m. nordover frå Fyresdal sentrum med utsikt over nydelege Fyresvatn. Besøksadressa deira er Prærien 23.

Pleie- og omsorgsstenesta i Fyresdal kommune er inndela i to tenestetilbod: institusjon og heimebaserte tenester.

Institusjonstenesta er dela i Utsikten, som er somatisk avdeling, og Norstøg, som er ei avdeling for personar med demens.

Heimebaserte tenester omfattar heimsjukepleie, heimhjelp og TTF (tiltak og teneste for funksjonshemma). Kjøkken/vaskeri er ei eiga avdeling på pleie- og omsorgssenteret.

Pleie- og omsorgssenteret kan gje fylgjande tenester:

- Dagtilbod - aktivitetstilbod for eldre eller heimebuande personar med demens; 5 dagar i veka
- Sjukeheim - avlastingsopphald
- Sjukeheim - korttidsopphald
- Sjukeheim - langtidsopphald

Heimebaserte tenester består av:

- Avlasting
- Brukarstyrt personleg assistanse
- Heimehjelp
- Heimesjukepleie
- Omsorgsbustad
- Tekniske hjelpemiddel - utlån
- Terminal pleie i heimen
- Vaktmeister - ambulerande

- Tiltak og tenester for funksjonshemma; koordinering av tilbod som gjeld heim – arbeid – skule – fritid, praktisk bistand/opplæring og hjelp i heimen for personar med funksjonshemming, samt støttekontakt.

Kontakt 

- Pleie- og omsorgsleiar, Anne Veum, tlf. 35 06 71 88
- Personaladministrasjon, Linda Berge, tlf. 35 06 71 67/68
- Tenestekontor, Siv Skeimo Seltveit, tlf. 35 06 71 65
- Utsikten, tlf. 35 06 71 59 / pasienttelefon 35 06 71 48
- Norstøg, tlf. 35 06 71 53 / pasienttelefon 35 06 71 55
- Heimesjukepleia, tlf. 35 06 71 58
- Tiltak og teneste for funksjonshemma (TTF), tlf. 35 04 14 80
- Kjøkken, tlf. 35 06 71 63
- Vaskeri, tlf. 35 06 71 96
- Vaktmester, tlf. 35 06 71 57

Besøksadresse

Fyresdal pleie- og omsorgssenter
Prærien 23
3870 Fyresdal

Postadresse

Fyresdal pleie- og omsorgssenter
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk