Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tilrettelagt transportordning

TT-ordninga er eit tilbod til personar mellom 12 og 67 år som på grunn av sterk og varig forflytnings- og/eller orienteringshemming, ikkje kan bruke ordinær kollektivtransport.

Hensikten er å gje eit transporttilbod til sosiale formål for denne gruppa.

Transportordninga er ei friviljug fylkeskommunal oppgåve og er meint å vere eit supplement til andre ordningar. Den skal ikkje bli brukt til reiser som blir dekt av andre. NAV gjev deg informasjon om andre ordningar, som til dømes helse- og arbeidsreiser.

Du kan søke om å bli brukar av transporttenesten om du har ei varig funksjonshemming. Rullestolbrukarar, blinde og sterkt svaksynte vil bli prioritert.

Kontakt

Har du spørsmål om ordninga? 
Kontakt Siv Skeimo Seltveit på tlf. 35 06 71 65 / 67.

Her finn du retningslinjer for TT-ordninga

Her finn du søknadsskjema og legeerklæringsskjema

Har du behov for ledsager? 

Ledsager til ein som er funksjonshemma kan mellom anna få rabatt på offentleg transport og gratis inngang på ulike arrangement.

Her finn du meir informasjon om ordninga + søknadsskjema for ledsagerbevis og legeerklæringsskjema

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk