Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Generell informasjon om programmet

Fyresdal kommune er saman med kommunane Tinn og Kragerø peika ut til å vere omstillingskommunar som følgje av store tap i arbeidsplassar dei siste åra.

Gjennom dette programmet er det i 2017 stilt 1,6 millionar statlege kroner til disposisjon for Fyresdal kommune i tillegg til 400 000,- frå Fyresdal kommune sjølv. Dei neste åra er den årlege statlege støtta på ca 2,5 millionar kroner i tillegg til ca 625 000,- kroner frå Fyresdal kommune sjølv.

Omstillingsstatusen er gjeve for 3 år, men det er gode moglegheiter for ei forlenging på 3 nye år. Omstillingsplanen er difor skrive for 6 år (2017-2022).

Totalt er det sett av over 18 millionar kroner til omstillingsarbeidet. Av dette bidreg Telemark fylkeskommune med 14 millionar og Fyresdal kommune med 4,2 millionar kroner. I tillegg er Innovasjon Norge med og delfinansierer enkelte sentrale prosjekt og verktøy som kan takast i bruk i omstillingsarbeidet.

Prioritering og bruk av pengane

Det er laga ein omstillingsplan som grunngjev og prioriterer korleis ein skal bruke omstillingspengane. Midlane skal bli bruka til næringsprosjekt med vekstambisjonar. Omstillingspengane skal hovudsakleg bli bruka til planlegging og undersøkingar, ikkje ordinær drift. Dette er dei fire satsingsområda som midlane skal bli bruka innanfor:

1. Næringsverksemd med basis i naturressursar
2. Entreprenørskap og kompetanseutvikling
3. Drift i Moland Mekaniske
4. Andre gode næringsutviklingsprosjekt

Eit betydeleg arbeid ligg til grunn for satsingsområda der omstillingspengane skal brukes. I fyrste fase av omstillingsprogrammet blei det gjennomført 18 såkalla "dybdeintervju", i tillegg til ei web-basert spørjeundersøking. I alt 270 personar, mellom anna næringslivsleiarar, politikarar og kommunalt tilsette, fekk tilsendt undersøkinga. Vi mottok 156 svar, noko som tilsvarer ein svarprosent på 58. Det blei også gjort ei analyse av statistisk materiale.


Målsetjing og arbeidsplassar

Målsetjinga i omstillingsarbeidet er 40 nye arbeidsplassar. Dei arbeidsplassane som blir telt er arbeidsplassar som omstillingsmidlane bidreg til å sikre og skape gjennom å støtte enkeltprosjekt, ut ifrå rapporten som blir laga når eit prosjekt er avslutta. Vi går ut ifrå brutto tal. Dersom det forsvinn arbeidsplassar i omstillingsperioden, blir desse ikkje tatt med i reknestykket.


For å nå målet og for å lukkast er vi avhengige av eit breitt engasjement frå både innbyggjarar i kommunen, næringsliv i kommunen, stat og fylkeskommune. I tillegg er det definert viktige delmål for denne store satsinga. Vi vil vidareutvikle Fyresdal!

Dagleg leiar for programmet

Dagleg leiar for omstillingsprogrammet er Håkon Holtskog. Han har ei koordinasjonsoppgåve og er ansvarleg for å drifte og styre aktivitetane, tiltaka og prosjekta som omstillingsstyret og bedrifter i Fyresdal set i gong.


Håkon arbeider tett på alle dei som driv med næringsutvikling i Fyresdal og i Vest-Telemark, inkludert Fyresdal Næringshage. Målet er best mogleg samarbeid, best mogleg service og hjelp - og best mogleg vekst.

Håkon Holtskog
907 28 481
35 06 71 66
hakon.holtskog@fyresdal.kommune.no

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk