Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Søke om midlar?

Det er mogleg å søke om omstillingsmidlar, dersom tiltaket det blir søkt om er innanfor kriteria nedanfor.

Vi ynskjer å høyre frå deg så tidleg som mogleg i søknadsprosessen. På den måten kan vi best mogleg hjelpe deg å finne dei dørene det er viktig at du kjenner til, i tillegg til å hjelpe deg slik at vegen framover blir så effektiv og god som mogleg.

Det er fylgjande kriterium for støtte frå Fyresdal kommunes omstillingsprogram:

- Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ynskjer å starte eller utvikle si næring kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane, så lenge tiltaket det blir søkt om er innanfor omstillingsprogrammets fire satsingsområde.

- For søknad om omstillingsmidlar i 2017 og 2018, må tiltaket/prosjektet samsvare med definerte strategiar og tiltak innanfor dei fire satsingsområda i omstillingsprogrammets handlingsplan.

- Søkar må omtale korleis prosjektet/tiltaket støttar opp under omstillingsprogrammets hovudmål om å bidra til å skape/sikre 40 arbeidsplassar i Fyresdal i løpet av 6 år.

- Søknaden må innehalde forretningsplan og budsjett for bedriften og tiltaket det blir søkt om.

- For bedriftsretta støtte må bedriften vere registrert i Brønnøysundregisteret med forretnings-/verksemdsadresse i Fyresdal og ha mål om aktivitet i Fyresdal kommune. Det må kunne dokumenterast at tiltaket det blir søkt om er knytt til mål om arbeidsplassar lokalisert i Fyresdal.

- Det kan gjevast tilskot til primært forstudie og forprosjekt med mål om utvikling av forretningsidé, forretningsplan, produkt, produksjonsprosess, marknad, kompetanse og samarbeidstiltak. Tilskot til gjennomføring av hovedprosjekt kan bli vurdert, men skal primært bli retta til andre finansieringsordningar.

- Det gjevast ikkje rein arrangementsstøtte.

- For bedriftsretta støtte er krav om eigenfinansiering på 50 % av prosjektets/tiltakets totale kostnadsramme. Eigenfinansieringa kan vere i form av eigne middel eller eigeninnsats, eventuelt ein kombinasjon av desse to. Eigeninnsatsen blir berekna som 1,2 promille av nominell årslønn, maksimalt kr 800,- per time og 1850 timar/år, dersom ikkje anna er avtalt. Med nominell årslønn meiner ein den tilsettes avtalte årslønn ved utløpet av året. Betaling for ekstrainnsats som overtidsbetaling, bonusar og liknande blir ikkje rekna med i nominell årslønn. I meir tilrettelagte prosjekt bør det også vere ein andel eigenfinansiering, men det er ikkje satt bestemte krav til andel.

- Midlane blir tildelt i samsvar med EØS-avtalens reglar om offentleg støtte. 

- Dersom prosjektet/tiltaket er i samsvar med desse kriteria, kan du søke omstillingsprogrammet om midlar.

Slik søker du:

Du søker ved å fylle ut malen for prosjektplan. Denne sender du på e-post til hakon.holtskog@fyresdal.kommune.no. Men det er lurt å ta kontakt før du sender søknaden! 

Du også må fylle ut
 Sjå også standardvilkår for tilskot og mal for forretningsmodell, som d og legge ved søknaden.

Vi anbefaler sterkt at du også ser på mal for prosjektleiarrapport ved utfylling av søknaden. Denne må fyllast ut av alle som mottar støtte frå omstillingsmidlane ved prosjektets slutt. Det gjev gode indikasjonar på kva som bør vere mål for prosjektet/tiltaket det blir søkt støtte til.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk