Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Administrativt delegeringsreglement

Delegering

Eit overordna organ, t.d. kommunestyret, kan gje eit underordna organ, t.d. eit fast utval, fullmakt til å treffe avgjerder i nærare nemnde saker. Organet overfører myndigheit av ein art som det sjølv har. 

Det rettslege innhaldet i eit vedtak om delegering er at den ein delegerer til, kan treffe avgjerd innan rammene for vedtaket på vegne av det organet som delegerer.

Delegering av myndigheit inneber ikkje at ein seier ifrå seg myndigheit. Den myndigheit som blir delegert kan når som helst takast tilbake. Det organet som delegerer kan òg fastsetje retningsliner for korleis myndigheita skal bli utøvd. Organet kan dessutan gripe inn i einskildsaker og innanfor rammene til Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker gjere om vedtak gjort av underordna organ.

Lov om kommuner og fylkeskommuner seier at kommunestyret er det øvste kommunale organet. Det gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller vedtak om delegering. Kommunestyret har all kompetanse som ikkje positivt er lagt til andre organ i kommunen. Dette krev at det blir gitt fridom til å delegere til underordna organ. Lov om kommuner og fylkeskommuner inneber at kommunestyret kan leggje myndigheit til underordna folkevalde organ og til administrasjonen.


Fyresdal kommune sitt administrative delegeringsreglement finn du her

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk