Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sektor for kultur og oppvekst

Sist endret: 26.01.2016Kontaktavdeling: Administrativ leiing

Tilboda i Fyresdal er mange og flotte. Me har eit mangfaldig og rikt foreiningsliv, folkebibliotek, kino, ungdomsklubb to gonger i veka, flotte idretts- og aktivitetsanlegg, og ikkje minst mykje natur med mange flotte turløyper.

I Fyresdal har me gode oppveksttilbod for barn og ungdom. Me har ein ny barnehage for dei aller minste (1-2 år) og ein nyrenovert barnehagefløy for dei eldste borna (3-5 år). Bruk av nærområda og naturen står sentralt i barnehagedrifta i Fyresdal. Barna får også tilbod om aktivitetar i symjebassenget. Barnehagen er dimensjonert for 75 barn.

Fyresdal har ein grunnskule (1.-10. klasse) med skulefritidsordning. Skulen er nyrenovert og tilfredstiller dagens krav til ein god skule og har i dag 170 elevar. Skulen har også kantine med variert og sunn mat.

Fyresdal kulturskule tilbyr undervisning i trommer, song/vokal, piano, gitar, bass, band, rytmisk turn, kunst og handverk og teater.

Fyresdal ungdomsklubb arrangerer klubbkveldar onsdag og fredag. På onsdagane kan ungdomane kjøpe varm mat.

Kulturkonsulenten administrerer ungdomsråd, idrettsråd, sommararrangementet "Skeidet", spelemidlar, den kulturelle spaserstokken, kulturprisen, idrettsstipendet, kulturmidlar, i tillegg til å vere kommunen sin kontakt med lag og organisasjonar.

Folkebiblioteket er eit svært godt tilbod til befolkninga i Fyresdal. Utlånet ved biblioteket ligg over gjennomsnittet for landet ellers.

Hovudmål for sektoren henta frå kommuneplanen

Vi skal vere samla i funksjonelle og inspirerande omgjevnader, skape gode oppvekstvilkår og stimulere til god læring og eit høgt fagleg nivå.

- Fokus på tidleg innsats innan basisfaga, slik at vi kan vise til forbetra resultat på prøver og testar.
- Barn og ungdom får rettleiing og gode kvalitetssikra tilbod i tråd med eiga utvikling.
- Vi har ein open dialog og eit godt samarbeid med brukarane.
- Rørsle, ernæring og god psykisk og fysisk helse pregar kvar dag.
- Kultur, kommunikasjon og sosial kompetanse er sentralt.
- Alle får høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk.
- Gode tilbod i barnehage, SFO og kulturskule.
- Vi stimulerer til høg aktivitet i lag og organisasjonar.
- Fokus på rusførebyggande arbeid.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk