Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Næringsarbeid

Sist endret: 26.01.2016Kontaktavdeling: Næring og reiseliv Kontaktperson: Edvard Nesland

Næringssjefen er kommunen sin kontaktperson innanfor næringsutvikling og rapporterer direkte til rådmannen.

I det daglege næringsarbeidet er det eit tett samarbeid med både ordførar og rådmann.

Sakshandsaming av søknader om tilskot frå næringsfondet ligg normalt til næringssjefen. Dette er støtte til investeringar, utviklings- og marknadsføringstiltak, samt etablerartilskot. Søknader knytt til landbruk vert handsama av rådgjevar på landbruk.

Kommunen si målsetting er at gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke. Dette er den overordna føringa for arbeidet med å bidra til å skape – og halde på – lønsamme arbeidsplassar i bygda.  

Næringssjefen har og det overordna ansvaret for reiselivet i Fyresdal, og representerer kommunen i regionale og fylkeskommunale samarbeidsorgan for næringsutvikling og reiseliv.

Edvard Nesland er næringssjef.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk