Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

E-faktura og avtalegiro

Fyresdal kommune tilbyr e-faktura og avtalegiro.

E-faktura

Med e-faktura blir rekningane sendt til nettbanken din. Det einaste du treng å gjere er å godkjenne rekninga. KID-nummer, kontonummer og beløp er ferdig utfylt. Ynskjer du å opprette e-faktura brukar du e-fakturareferansen som du finn øvst til høgre på rekninga di. Oppretting av e-faktura gjer du i nettbanken din.

Avtalegiro

Med avtalegiro slepp du å registrere betalinga, og beløpet blir trekt automatisk frå kontoen din ved forfallsdato. Ynskjer du å opprette avtalegiro brukar du kid-nummeret på rekninga di. Oppretting av avtalegiro gjer du i nettbanken din.

Oppgjer, adresseendring og tinglysing

Ved sal av bustad/hytte må kjøpar og selgar gjere opp seg imellom.
Flyttar du, må du melde flytting til Folkeregisteret. Dette gjeld også innad i kommunen. Kommunen hentar adressene frå Folkeregisteret.
Heimelsovergangar må tinglysast.

Kommunale avgifter

Kommunale avgifter blir fakturert i to terminar per år.

 Termin  Periode  Forfall
 1.   01.01.-30.06.  20.03
 2.   01.07.-31.12.  20.09.

Fyresdal kommune sine bankkontonummer

Mottatt faktura, bruk 2801.13.99640.
Skatt (ikkje eigedomsskatt), bruk kontonummer 6345.06.08310.
For anna betaling, bruk kontonummer 2694.07.00689.

SWIFT/BIC-adresse

 Bank  Sparebanken Sør
 SWIFT/BIC  SPSONO22
 IBAN  NO46 2801 1399 640

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk