Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Personalarbeid i Fyresdal kommune

Sist endret: 26.01.2016Kontaktavdeling: Økonomi personal og arkiv Kontaktperson: Eva Greivstad
Mål for arbeidsmiljø 2014-2017
Vi skal ha eit godt og trygt arbeidsmiljø, prega av gjensidig respekt, fleksibilitet, fellesskap, og systematisk arbeid for å auke nærværet.

Vi har tru på at vi blir betre saman ved at:
- Alle tilsette er myndiggjorte og tek ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø.
- Alle tilsette bidreg til å skape trivsel og gode mellommenneskelege tilhøve.
- Vi har ei aktiv satsing på helse, miljø og sikkerhet (HMS).
- Vi legg til rette for tilsette i alle livsfasar. 


Fyresdal kommune er ei IA-bedrift;

Det vil seie at ein skal legge til rette for eit inkluderande arbeidsliv som har plass til alle som vil og kan arbeide.

Desse oppgåvene ligg til personalkonsulenten:
- overordna personalarbeid herunder lov og avtaleverk, pensjon og sjukeoppfylging
- opplæring
- sekretær i arbeidsmiljøutval og administrasjonsutval

Eva Greivstad er personalkonsulent.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk