Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nytt frå rådmannen

Sommerblomst

Rådmannen orienterer

Etter ein "god gamaldags" vinter tek snoen til å smelte, bekkane aukar og isen trekkjer seg attende medan fuglane kvitrar og syrinen grønkar. Nå er våren i kjømda. Det gjer godt, men samstundes kjem det og fram mykje som snoen har dekt. Det gjeld både lauv ein ikkje fekk bort i fjor og sand i store mengder etter vegane våre. Vinteren har i tillegg fare hardt med mange vegar, så vedlikehaldsbudsjetta får svi.

Inga ulykke kjem aleine, seiest det. Nedlegging av skogsleiren og IKM-maskinering vart følgt opp av statlege vedtak om at vi ikkje lenger skulle kunne ta imot flyktningar og sukkeravgift som fører til reduksjon i arbeidsstokken til Telemark Kildevann. Alt dramatisk for Fyresdal, som på nokre år kan miste opptil 60 arbeidsplassar.

Da er det godt å ha mange gode krefter som arbeider med å få til nye arbeidsplassar. Omstillingsstyret har fleire gode prosjekt som er sett i gang, og fleire av dei tilsette som er ramma av reduksjon i arbeidsstokken har fått anna arbeid eller er i gang med å skape sin eigen arbeidsplass.

Kommunen si årsmelding for 2017 syner eit svakt resultat. Det er likevel ein god del optimistiske signal som at sektor for helse og omsorg hadde eit resultat i pluss for i fjor. Dette var bra og dei tilsette skal ha ros for godt arbeid og positive haldningar til at slikt resultat også skal kunne vidareførast inn i framtida.

Teknisk har gjennomført mange investeringar så som oppstart av Moghusfeltet, renovering av tannlegekontoret, fortau og utbetring av Prestegardsvegen, riving av kommunehus og skule/grendehus i Birtedalen, Va Meieribakken etc. Mykje av arbeidet blir gjort med eigne ressursar.

Skule og barnehage har mange utfordringar. Barnehagen har fokus på kosthald og fysisk aktivitet. Varm mat to gonger i veka, samt at det blir laga ein del bålmat på tur. Dei brukar nærområdet til rekreasjon, til relasjonsbygging og læring. Det er viktig at barna blir glade i bygda si.

Skulen har som hovudfokus framover at alle elevar får god tilpassa opplæring i eit trygt og godt skulemiljø.

Hausten 2017 hadde kulturskulen 56 elevar, og dei hadde fylgjande tilbod: Piano, vokal, trommer, rytmisk turn/dans, band, gitar, bass, ukulele band, kunst- og handverk.

Om vi ser bort frå økonomiske føresetnader, er kommunen på 93. plass i kommune-Noreg. Fyresdal er heilt i toppsjiktet innan pleie og omsorg, helse og kultur. Kommunen er også inne på topp 100-lista for det som gjeld sakshandsaming og barnehage. Dette er jo svært bra!

Sjukefråværet var på 6 % som er eit mål for oss. Dette er lågt i kommune-Noreg. Trass i strammare tider yter tilsette ein fantastisk jobb for at alle skal få det beste tenestetilbodet som mogeleg er. Dette kan vi alle glede oss over og vere stolte av!

Eit anna døme eg vil trekkje fram er Hamaren aktivitetspark. Eit fantastisk arbeid som har fått både nasjonale og internasjonale omtaler og prisar. Det viktigaste er likevel at folk i bygda set pris på tilbodet og brukar det dagleg.

Slik kunne ein nok ha halde fram med å ramse opp fleire andre gode døme på at vi får det til når vi vil. Innsats gjennom lag og organisasjonar er stor i kommunen og er med på å skape både bulyst og godt omdøme. I ei tid der ikkje alt går rette vegen for oss, er det enda viktigare enn elles å minne oss på alt det gode og positive som skjer rundt oss.

Takk til alle saman!

Helsing Ketil O. Kiland

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk