Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Forliksrådet

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Det er både meklingsinstans og domstol.

Eit krav om til dømes betaling av gjeld kan fremjast for forliksrådet for å oppnå ei minneleg løysing eller å få fastslått ved dom at kravet er rettsgyldig. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad, og kan verta tvangsfullbyrda av namsmannen.

Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet er sett saman av tre lekfolk og like mange varamedlemmer. Dei vert valde mellom innbyggjarane i kommunen for fire år av gongen. 

Leiar i forliksrådet i Fyresdal er Ole Roer.

Møtefullmektige til Fyresdal forliksråd for perioden 2017-2020 er Edvard Nesland, Signe Greivstad og Lise Libjå.

Forliksrådet har sekretær som står for ekspedisjon og sakshandsaming. Forlikskrådssekretærfunksjonen er lagt til lensmannen i Vinje.

Kontakt

Fyresdal forliksråd
Sekretær Vibeke Beisland
Lensmannskontoret i Vinje
Telefon 35 06 34 38
Eventuelt Telemark politidistrikt på telefon 02800

Postadresse

Fyresdal lensmannskontor
Folkestadgata 12
3870 Fyresdal

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk