Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Adresser i GPS

Kommunen får ofte spørsmål om når dei nye vegadressene blir synlege i GPS.

Det er kommunen som legg inn vegadressene i matrikkelen. Alt av bustader skal ligge inne, men det står att mange fritidseigedomar - desse kjem no fortløpande.

Kommunen leverer inn den lokale vegbasen 2 gonger i året til Kartverket. Dei ajourfører basen og sørgjer så for at denne basen vert gjort tilgjengeleg for kartleverandørane til GPS-produsentane, slike som t.d Garmin og TomTom. Dei må då tilretteleggje kartet for nedlasting via oppdateringsløysingane til dei ulike leverandørane. Alt dette kan då ta litt tid; Garmin seier at det kan ta 6 månadar frå dei får kartdata og til dei er nedlastbare.

For å sjå om adressa di ligg inne i Garmin sin base - og på rett stad i kartet - kan du sjå her. Om du ligg inne her skal du og snart kome opp i GPS’en din når du har oppdatera denne.

Dei ulike bilprodusentane nyttar forskjellige leverandørar. Audi/VW, BMW, Mercedes, Suzuki, Honda og Toyota nyttar så vidt vi veit same som Garmin. Her må ein og sjølvsagt oppdatere GPS'en for å få inn dei nyaste adressene.

Sektor for plan og teknikk

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk