Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

"Blanke ark" i kommuneinformasjonen

Det har blitt ein del statisk innhald i kommuneinformasjonen – det vil seie annonser som går att månad etter månad utan å bli endra på. Vi har fått tilbakemeldingar om at ein del ikkje les kommuneinformasjonen fordi "det er ikkje noko nytt her uansett". Dette vil vi gjere noko med. September-utgåva vil difor bli strippa for alle annonser!

Ynskjer du å ha inn att annonsa di må du gje beskjed om dette til postmottak@fyresdal.kommune.no eller svanaug.valseth@fyresdal.kommune.no seinast måndag 14. august.

Ynskjer du i tillegg månadleg påminning framover når fristen nærmar seg, kan du gjerne få dette. Gje berre beskjed!

Helsing Fellestenesta, Fyresdal kommune

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk