Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Dårleg mobildekning?

Det er mange som har vendt seg til Fyresdal kommune i det siste angåande den dårlege mobildekninga som no opplevast i fleire område av Fyresdal.

Dei som no vender seg til oss har ringt, meldt ifrå og lagt inn klage på sida til Telenor om at det er feil. Det nemnast mange konkrete tilfelle og namn – likevel skreiv Telenor på sida si seinast i går at det ikkje er meldt inn feil i Fyresdal.

Dette er trasig! Vi veit at vi framleis har område i kommunen som har ingen eller svært dårleg mobildekning, og dette er vanskeleg å gjere noko med så lenge Telenor ikkje har konsesjonskrav om å dekke 100 % av befolkninga. Dette har vi hatt møter med Telenor om. Men dette er ein heilt annan problemstilling. At eit område som har hatt god dekning får redusert eller fjerna denne pga. sektorendring på sendaren i samband med omlegging til 4G+, er uakseptabelt. Dette må vi ta direkte med Telenor, og vi skal avklare kven av oss som i kommunen som skal gjere det.

Det er lite tillitsvekkande at det på sidene deira står at det ikkje er meldt inn feil i Fyresdal, når vi veit at det er fleire namngitte personar som har gjort det – det skal vi formidle!

Med helsing Edvard Nesland
Næringssjef

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk