Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Betre DAB-dekning

Fyresdal kommune har vore i kontakt med Radio.no om den dårlege eller manglande DAB-dekninga for områda Birtedalen og Våmur/Kilegrend.

I tillegg til å få eit betre radiosamband for den enkelte når FM-sambandet fasast ut i april 2017, har god DAB-dekning også eit beredskapsmessig omsyn. I båe dei nemnde områda er det mykje hyttefolk i tillegg til innbyggjarar, så det er svært mange som vil bli ramma av ei eventuell manglande DAB-dekning.

Frå Radio.no får vi no opplyst at det vil bli montert opp to nye sendarar. Den eine vil bli plassert på Kile i Birtedalen og den andre på Øynuten i Kilegrend. Radio.no opplyser at det venteleg vil bli mykje betre forhold når desse sendarane er på plass.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk