Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Det digitale radioskiftet

Informasjon frå Medietilsynet:

Er du klar for det digitale radioskiftet?

Radioskiftet nærmar seg med stormskritt. Veit du kva radiokanalar som blir heildigitale når radioskiftet skjer der du bur?

Fra FM til digital radio

11. januar 2017 startar avviklinga av FM-nettet for riksdekkande radiosendingar i Nordland. Utover året følgjer resten av landet etter, og før utgongen av 2017 vil all riksdekkande radio i Noreg vere heildigital. I Telemark avviklas FM-nettet for NRK 26. april. P4, Radio Norge og lokalradioar som ikkje fortset på FM, avviklas 16. juni.

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkande kanalar via DAB-nettet, nettradio, appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil fortsatt sende på FM også etter 2017. Med unntak av Radio Norge og P4 vil alle riksdekkande kanalar som sendast på DAB (utan pluss) flyttast over på DAB+ i 2017. Dei fleste DAB+-radioer kan ta inn sendingar på DAB og FM. 

Oppdater kanallista 11. januar

Natt til 11. januar vil det både kome nye kanalar og gjerast endringar i sendenetta. Mellom anna vil alle NRKs kanalar sendast i DAB+ når desse endringane er gjort. Ikkje alle DAB+-radioar fangar opp endringar automatisk. Difor vil vi anbefale deg å oppdatere kanallista i DAB+-radioane dine 11. januar, uansett kor i landet du bur.

Informasjon om radioskiftet og fullstendig slukkeplan finn du her


fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk