Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Etablerarkontoret i Vest-Telemark

I Telemark har alle kommunane ei førstelinjeteneste som er gratis og som vil gje deg gode råd slik at du kan gå frå idé til ny verksemd. Kommunane har kvar sine lokale leverandørar, og i Vest-Telemark er det Telemark Næringshage AS som har denne tenesta frå januar 2017.

I gang

No er Etablerarkontoret i Vest-Telemark i gang, og fyrste drop in-kontor i Fyresdal var onsdag 22. februar. Framover vil det vere drop in-kontor i Fyresdal annankvar onsdag i partalsveker - i Fyresdal Næringshage, kommunehuset.

Fyrste kontakt og kartlegging

Telemark Næringshage vil levere tenesta på tvers av den varierte kompetansen deira rådgjevarar har, men Thomas Berstad har overoppsyn for tenesta, og fyrste kontakten med etablerarane. Det vil leggjast vekt på at den fyrste kontakten, anten på telefon, e-post eller drop in, blir veldig imøtekomande, men at dei hentar inn mest mogleg informasjon frå etableraren, slik at dei kan hjelpe mest mogleg effektivt.

Ein del av den fyrste kontakten blir nytta til å registrere/kartelegge behov ved hjelp av denne lenka (tek 5-10 minutt å fylle ut): https://no.surveymonkey.com/r/etablerarkartlegging 

Denne er laga for at dei skal kunne hjelpe deg som etablerar mest effektivt. Dersom nokon ikkje har tilgang på pc, så får du hjelp til å fylle ut. Basert på denne kartlegginga vil dei fordele etablerarane mellom rådgjevarane sine, basert på erfaring og kompetanse.

Vegen vidare

Etter at kartlegginga er gjort så avtalar dei saman med etableraren vegen vidare for kontakten. Her vil dei gjere kontakten så individuelt tilpassa som mogleg. Nokre vil foretrekke eitt møte, andre treng kanskje råd over telefon eller e-post. Denne delen av tenesta ser dei føre seg å levere innanfor to veker frå fyrste kontakt, med mindre etableraren ønsker anna, eller har særskilte behov.

Tid til kvar?

I gjennomsnitt har dei ca. 3 timar teneste per etablerar. Men det er viktig å framheve at dei kan bruke meir tid enn det, t.d. ved krevjande saker.

Oppfølging

Alle etablererar vil få oppfølging etter 3 månader. Her vil dei prøve å yte litt meir hjelp dersom nokon fortsatt står «heilt fast».

Kontaktinformasjon

Etablererkontoret i Vest-Telemark levert av Telemark Næringshage AS
Kviteseidvegen 18, 3850 Kviteseid
Telefon: 35 90 11 90
E-post: etablerar@telemarknh.no

Dei er sjølvsagt å treffe i kommunesentra på andre tider etter avtale, eller i Telemark Næringshage kvar vekedag.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk