Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Søv du godt?

Folkehelseteamet i Fyresdal har engasjert lege og søvnforskar Bjørn Bjorvatn til å halde føredrag om søvn.

Bjørn Bjorvatn er professor i medisin ved Universitetet i Bergen, lege ved Bergen søvnsenter, leiar for Nasjonalt Kompetansesenter for søvnsjukdommar og leiar for Senter for søvnmedisin ved Haukeland Universitetssjukehus. Han har i tillegg gitt ut fleire bøker om søvn, m.a. "Betre søvn", "Søvnsjukdommar - moderne utgreiing og behandling" og "Ungdomssøvn".

Føredraget vil dreie seg om søvn og aktuelle søvnvanskar frå spedbarn til barn, ungdom, vaksne og eldre, men med eit hovudfokus på barn og ungdom.

Gratis inngang med servering av kaffi og te.

Alle som ynskjer å lære meir om søvn og søvnvanskar er hjarteleg velkomne til kantina på Gimle skule torsdag 31. august kl. 18.00-20.00!

Mvh Folkehelseteamet v/folkehelsekoordinator

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk