Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Forskrift om brannforebygging - høyring

Forslag til lokal forskrift om tilsyn med bygningar, område m.m. i alle Telemarks kommunar er lagt ut på høyring.

17. desember 2015 blei det vedteke ei ny forskrift om brannførebygging, heimla i Brannloven 2002. Forskrifta skal bidra til å redusere fare for brann og konsekvensane brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdiar.

Dette forslaget er utarbeidd i samarbeid med Porsgrunn, Skien, Notodden, Siljan, Bamble, Kragerø, Drangedal, Nome, Bø, Sauherad, Tinn, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje kommune.


Forslaget til lokal forskrift kan hentast på kommunehuset eller lastast ned her:

Saksframlegg

Forskrift om tilsyn med bygningar, område m.m.

Ytterlegare informasjon

For ytterlegare informasjon om forslaget til lokal forskrift, ta kontakt med Vest-Telemark Brannvesen IKS på post@vtbv.no eller telefon 35 07 57 11.

Merknader

Merknadar kan sendast til postmottak@fyresdal.kommune.no. Hugs å merke med "Høyringsinnspel" og "Vest Telemark Brannvesen IKS".

Frist for innspel

Frist for å komme med merknader er 23.06.2017.


fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk