Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal mot 2030

Agenda Kaupang As har vore engasjert av Fyresdal kommune for å gjennomføre ei strategisk utviklingsanalyse. Den strategiske utviklingsanalysa er andre trinn, kalt strategitrinnet, i det komande omstillingsarbeidet i Fyresdal. 

Omstillingsarbeidet er igangsett på grunn av kommunens tap av arbeidsplassar i IKM og i den vedtatte nedlegginga av fengselsavdelinga til Arendal kretsfengsel. 

Analysa skal trekke opp viktige strategiske satsingsområde for omstillingsarbeidet og føreslå ein del konkrete strategiar og tiltak, som oppspill til omstillingsstyrets arbeid med ein omstillingsplan og ein handlingsplan for første år i omstillingsprosessen.

Gjennom to heildagsstrategimøte har næringsdrivande og politikarar i kommunen, samt fleire kommunalt tilsette, vore involvert i arbeidet med den strategiske utviklingsanalysa og lagt grunnlag for rapporten.


Her kan du lese den endelege rapporten "Fyredal møter framtida - Strategisk utviklingsanalyse"

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk