Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gratulasjonsrunde

Ordførar Erik Skjervagen har i dag vore på ein triveleg gratulasjonsrunde med tilhøyrande utdeling av blomar.

Fyrst til Halvor Skjulestad på Sitje Søndre. Skjulestad blei tysdag denne veka heidra med Tines høgste utmerking for topp mjølkekvalitet, Sølvtina. Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar dag i 15 år blir heidra med Sølvtina.

Etterpå gjekk turen til Joker Fyresdal. Joker blei i mars nominert til årets Joker-butikk 2016 og blei regionvinnar i området sør-øst, det vil seie blant dei fem beste i landet.

Vi gratulerer!

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk