Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

HPV-vaksine til unge kvinner

Tilbod om gratis HPV-vaksine til unge kvinner

Nesten alle tilfelle av livmorhalskreft skuldast eit virus som heiter humant papillomavirus (HPV). HPV smittar ved seksuell aktivitet og er særs vanleg. Difor får no kvinner fødde i 1991 eller seinere tilbod om gratis HPV-vaksine. 

Tilbodet starta 1. november 2016 og varer i to år fremover.

HPV-vaksina beskyttar mot to av dei vanlegaste kreftframkallande HPV-typene. Den anbefalast til deg som er ung kvinne, også om du har debutert seksuelt.

Vaksinasjonen består av tre doser som gjevast i løpet av 6-12 måneder. Tilbodet om gratis vaksine varer i to år frå november 2016. Dette betyr at du bør ha byrja på vaksinasjonen seinast innan utgongen av 2018.

Ta kontakt med helsehuset på telefon 35 06 73 00 for avtale om vaksinasjon.


Her finn du meir informasjon frå Folkehelseinstituttet


fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk