Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kjernejournal til Telemark

1. mars vil alle innbyggjarar i Telemark, Vestfold, Østfold, Buskerud samt Asker og Bærum få kjernejournal. Då har alle innbyggjarar i Noreg fått kjernejournal.

Kjernejournal – samlar viktige opplysningar

Kjernejournal gjev helsepersonell rask tilgang til viktige opplysningar om pasienten. Det kan vere avgjerande når tida er knapp.

I dag delast ikkje alltid helseopplysningar mellom ulike behandlingsstader. Det som står om pasienten i fastlegens journalsystem er ofte ikkje tilgjengeleg for andre behandlingsstader. I kjernejournal får fastlegen, helsepersonell på sjukehus, legevakta og spesialistar tilgang på lik og oppdatert informasjon om pasienten. Når det haster å få tak i opplysninger, kan kjernejournal være til stor hjelp. 

- Kjernejournal kan gje pasientane betre behandling og i ytterste konsekvens redde liv. 

Helsenorge.no – den offentlige helseportal

Innbyggjarane finn sin kjernejournal ved å logge seg på med elektronisk ID på helsenorge.no.

Oppfordring til innbyggjarane er å gå inn på helsenorge.no for å sjå på sin eigen kjernejournal og legge inn relevante opplysningar. Dersom ein har ei alvorleg liding eller sjukdom bør ein snakke med legen om at dette bør registrerast i kjernejournal.

Kort om kjernejournal

• Kjernejournal samlar viktige helseopplysningar om pasienten, slik som t.d. fastlegen, næraste pårørande, adresse, legemidlar, sjukehusbesøk og alvorlege allergiar/sjukdomar.
• Kjernejournal hentar opplysningar både frå offentlege register, behandlande lege og det pasienten sjølv legg inn.
• Legen registrerer kritisk informasjon (alvorlege sjukdomar/tilstandar/allergiar).
• Pasienten finn sin kjernejournal på helsenorge.no.
• Pasienten kan reservere seg ved å logge seg inn på helsenorge.no, klikke på kjernejournal og gå til innstillingar.

Her finn du meir informasjon om kjernejournal

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk