Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunale avgifter 1. halvår 2017

Kommunale avgifter med forfall 20. mars 2017

Fyresdal kommune har nå sendt ut faktura for kommunale avgifter fyrste halvår 2017 med forfall 20. mars. Vi har i år starta med utsending på fleire måtar, både som e-faktura, EHF-faktura, digitalt i Digipost-kassa eller på papir i postkassa. Alle fakturaer er nå sendt ut og kvar abonnent vil mottake fakturaen sin i ein av desse formene.

MEN i samband med dette har det skjedd ein liten feil slik at vi ikkje får avtalegiro til å fungere normalt. Det vil, for dei som har avtalegiro på kommunale avgifter, ikkje bli trekt av konto på forfallsdato som vanleg.

ALLE må difor betale fakturaen dei har fått manuelt.

Vi seier oss leie for denne feilen.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk