Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ny kalenderløysing for Vest-Telemark

For ei tid tilbake bestemte eigarane av Origo seg for å leggje ned tenesta. Dette skjedde 31. oktober. Den nye kalenderløysinga for Vest-Telemarkregionen var oppe og gjekk kort tid etter at Origo vart lagt ned, men den fungerer dessverre ikkje som tenkt.

I staden for å lenke til ei side som ikkje virkar, vel vi heller å mellombels lenke til Plakaten hos Telemarksavisa.

Vi håpar at den nye kalenderløysinga virkar som den skal i løper av januar 2017.

Korleis leggje ut arrangement

Alle som ynskjer det - både privatpersonar, lag og verksemder - er velkomne til å registrere arrangement som skal visast i den nye kalenderen. 

Men ver oppmerksam på at ein ikkje skal registrere arrangementa rett i kalenderen, men at dette gjerast ved å opprette eit arrangement på Facebook eller på Plakaten hos Telemarksavisa. Arrangementa blir så henta ut og vist i den nye Vest-Telemarkkalenderen. 

Korleis du oppretter arrangement kan du lese meir om her

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk