Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lønstilskot til sommararbeid

Det nærmar seg fristen for å søke om lønstilskot til sommararbeid for skuleelevar:

Heileigde kommunale selskap treng ikkje ha tilhald i Fyresdal. Private eller offentlege verksemder, eller private personar i Fyresdal som tek inn skuleungdom frå Fyresdal, som er mellom 16 og 19 år i kalenderåret får eit lønstilskot på: 

1. 50 % av utbetalt timeløn, maks kr. 50,- pr. time for arbeidstakerar mellom 16 og 19 år. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon, siste frist for innsending av dokumentasjon er 15. september. Det skal også dokumenterast at arbeidsgjevaravgift og eventuelt skattetrekk er innbetalt.

2. Verksemder søkjer kommunen før 20. mai, om å ta inn namngjevne personar. Det kan godkjennast inn til 150 timar for kvar arbeidstakar for arbeid i perioden juni, juli og august. Rådmannen godkjenner søknadane innanfor avsette midlar i budsjettet.

3. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til ungdom i eigen familie dvs. born og borneborn. Dette gjeld ikkje for næringsdrivande som er registrerte i arbeidsgjevarregisteret. 

4. Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar.

5. Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane.

6. Brot på arbeidsavtala kan føre til inndraging av innvilga tilskot.


Søknadsskjema og arbeidsavtale finn du her - under "L"


fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk