Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ny frikortordning frå 1. januar

Frå 2017 slepp du å søkje om frikort for helsetjenester


Frikort for eigenandelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du å søkje om frikort for helsetjenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket på kr. 1990,- er nådd. 

Det finst to frikortordningar i Noreg, ein for eigenandelstak 1 og ein for eigenandelstak 2. Dei gjeld for ulike tjenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Ordninga med frikort eigenandelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår blei også ordninga for frikort eigenandelstak 2 automatisert.

I frikort eigenandelstak 2 inngår eigenandelar for:

- Undersøkelse og behandling hos fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen.
- Enkelte former for tannbehandling.
- Opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseforetak.
- Behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet.

Dette er nytt fra 1. januar 2017:

- Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søkje om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd.
- Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 for 2017 er kr. 1990,-.
- Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt.
- Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år.
- Alle pasientar må betale eigenandel for behandling hos fysioterapeut - unntatt barn under 16 år og personar med yrkesskade. Dette blei vedtatt av Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2017.
- Du kan sjølv følgje med på dine registrerte eigenandelar ved å logge inn på helsenorge.no.

Frikort eigenandelstak 1 – nytt eigenandelstak for 2017: kr. 2205,-.
I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.
Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over kr. 2205,- i eigenandelar i 2017.

Du finn meir informasjon på helsenorge.no

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk