Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ny samarbeidspartner på mobil scene

Fyresdal kommune har gått til innkjøp av ein mobil scene. Fyresdal Røde Kors har hatt avtale om drift av scenen i to sesongar, men ynskjer no å seie opp avtala. Fyresdal kommune ynskjer difor ny samarbeidspartner.

Kan dette vere noko for ditt lag?

Det er ynskjeleg å ha eit stabilt lag å samarbeide med om opprigg og nedrigg av scenen ved bruk. Dersom vi finn ein god samarbeidspartner, kan det vere gunstig økonomisk for ditt lag. Per i dag er det snakk om omlag 8-10 arrangement gjennom sommarhalvåret, ofte i helgene. Laget vil få hovudansvar for all opp-/nedrigging av scenen.

Scenen er forsikra av kommunen.

Laget må:

- Kunne garantere stabilt personell (2-4 personar) for ein periode på 2 år.
- Transportere og rigge scene til arrangement gjennom året.
- Disponere bil som er stor nok til å dra scenen (vekt 2 200 kg).
- Frakte og rigge scenen ved store kommersielle arrangement.
- For små arrangement i Fyresdal kommune må leigetakar sjølv stille med ein person til å hjelpe til med opp- og nedrigg, slik at laget bare må stille med ein person.

I fyrste omgang vil vi høyre kven dette eventuelt kunne vere interessant for. Ved interesse, ta kontakt med Hilde på kulturkontoret (952 70 905) snarast og innan 15.04.2017.

Teknisk informasjon om scenen:

MOBIL STAGE L, PRODUSERT MTI NORGE

Transportmål:

Totalvekt 2200 kg
Egenvekt 2200 kg
Lengde 9,5 m
Høyde 3,5 m
Bredde 2,45

Bredde 8 m
Dybde 6 m
Høyde mellom gulv og tak 4 m.
48 kvadratmeter
Scenegulvhøyde: 1 m
Total høyde: 5,5 m
Vindnet inndekning bak og på sidene
Vindduk i front av scenegulv
Gelender, trapp, "gangstercaps" i front av tak
4 scenemoduler

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk