Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nytt dansetilbod i kulturskulen

Vi har vore så heldige å få tilsett ny danselærar i kulturskulen, han heiter Aneesh Asok og vil gje eit tilbod i dans i sjangeren Bollywood/Street dance og Hip hop for mellomtrinnet og ungdomstrinnet. 

Undervisninga på onsdagar blir slik:

- 5.-7. klasse kl. 15.00-16.00.

- 8.-10. klasse kl. 16.15 -17.15.

Fyrste onsdag med undervisning vil vere 6. september.

Aneesh har i 2016/2017 undervist i kulturskulen i Kviteseid, og frå hausten 2017 skal han og vere i Tokke og Fyresdal kulturskular.

Han er 32 år, bur i Nissedal og snakkar godt norsk. Han har lang erfaring med formidling av dans til barn.

Alle som ynskjer plass på dette tilbodet må søkje via kommunen sine heimesider så snart som råd, vi tar påmeldingar til det er fullt.

Elles startar vi opp att i veke 35, og har førebels ledige plassar på piano/vokal og trommer - bandet treng og ny gitarist.

Kulturskulen

Her kan du sjå ein liten filmsnutt av Aneesh. Klikk på videoen med tittel "Nytt dansetilbod i kulturskulen!"

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk