Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Orientering om vilkårsrevisjon

Fyresdal kommune og Valle kommune har sendt inn krav om vilkårsrevisjon for regulering av Hovatn, Fistøylvatn, Rauvatn, regulering og overføring av Finndøla med vidare bygging av Haukrei kraftverk, jfr. kommunestyresak 55/12. 

I brev frå NVE av 13. januar i år stadfester NVE at vilkåra for slik revisjon er til stades og har sendt saka over til Arendals Vasdrags Brugseierforening (AVB) for utarbeiding av revisjonsdokument.

AVB ved dagleg leiar Andrè Loga Gjerde vil orientere om arbeidet i starten av kommunestyremøtet 2. mars 2017, kl. 19.00. Saman med AVB vil Agder Energi møte med to representantar for å orientere om eit større renoveringsarbeid på Votna dam som skal starte opp 2. mai i år. Her er det omlag 40.000 m3 som skal gå med til forsterking og endringar av dammen. I tillegg vil nåverande masseuttak bli ferdigstilt etter dagens miljøkrav. Arbeidet vil kunne vere ferdig seint i haust, men det kan og bli att noko restarbeid til våren.

Vi reknar med at samla orientering vil ta maks ein time.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk